Esse letra de Odd Nordstoga já foi acessado por 156 pessoas.
Veja também o vídeo da música tocada.
To elver renn gjennom landet ur, møtest der,
Og høgt fra ein mur ser du opptog med faner og vimplar i vind;
Der elvene møtest skrid opptoget inn.
Eit bord med safirpynta beger av gull,
Hyller med kunnskap, rull på rull.
Salar med strengespel,
Song og lått, ringdans med fløyter og harpeslått.
Så snør det i landet: gløymselsnø.
Borte blir borga og gløymde dei brød.
Som metta dei fem tusen munnar frå korg:
Andlet ber blindt på ei tusenårssorg.
Og ingen kan minnast dei linne drag i dronningas andlet den fagre dag
Då landet her kvilte i heilag fred og alle hadde kjærleik å elske med.
Ei dør slår opp i den stille kveld,
Gjennom opningen anar du skinet av eld
Og stemmer som vinden ber fram der du trør:
Dette er noko du kjenner fra før.
Ei hand spelar terning i fakkelskin,
Ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;
Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:
Detter er noko du kjenner frå før.
Gløym slitet for glede og frykta for sorg;
Det er her, alt du treng,
Det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.
Sjå her er dagen som renn.
Sjå, her stig sola for deg sjå, her er korga med brød for alle,
I borga i landet ur.
Para enviar você precisa efetuar um cadastro gratuito no site. Caso já tenha um cadastro, acesse aqui.
Acesse agora, navegue e crie sua listas de favoritos.
Entrar com facebook Criar uma conta gratuita
Comentários (0) Postar um Comentário